Volda VGS : Sparkling Diamonds
Om arrangementet
Synopsis.
Pønk og Pastell lever i eit isolert samfunn. Her er det ikkje tid og stad, natt og dag, men heller ein sosial sameksistens som ikkje er spesielt fredeleg. Pønk har aldri sett verdien i Pastell, og Pastell kan ikkje utstå Pønk. Likevel må dei halde ut med kvarandre på ein måte som er minst mogleg ubehageleg. Slik har dei levd så lenge dei kan huske og ønsker ikkje å gjere ei endring på det.
Men sjølv om fasaden er oppretthalden, er det uro under overflata. Nokre strevar med tunge tankar, andre har låst seg fast i eit prinsipp, og somme kjedar seg. Sofia er ei av dei som ikkje likar å bli fortalt korleis ho skal leve. Difor tek ho nokre val som rystar både hennar eigne og motstandarane. Det er den klassiske kjærleiken, som ikkje kjenner grenser eller bryr seg om plikt og ære. Ein kjærleik som er verdt å leve og døy for berre den er sterk nok.
Dei tunge tankane, eller Skuggen, kjem ganske ofte på besøk til Pønk- og Pastellsamfunnet. Han held dei tilbake, gjer at dei aldri tør å vere seg sjølv fullt ut, aldri tør å våge, tru, halde ut og drøyme stort. Denne skuggen er i kvar og ein, og vert oppretthalden av at medlemmane held fram med å tenke negative tankar.
Oppe i det heile fins det ei ytre kraft i Pønk- og Pastellsamfunnet. Denne kjem med bodskap i form av post, som ingen veit kvar kjem frå eller kven som sender. Det einaste som er sikkert, er at medlemmane må handle på det som vert sagt i meldingane. Kanskje kan dei musikalske utfordingane hjelpe dei til å finne vegen bort frå dei tunge tankane?
Sparkling Diamonds er musikal nummer 30 ved Volda VGS.
Dette markerer vi ved å nytte repertoar frå dei tidlegare musikalane våre og rettar blikket mot sjølve drivkrafta for produksjonane; elevane våre. Tidlegare, noverande og framtidige elevar ved musikklinja og medielinja er Sparkling Diamonds. Dei finn sin plass og identitet, og veks til sjølvstendige og kreative menneske som gjer samfunnet vårt rikare. Elevane er sentrum i alle våre musikalar og årsaka til at musikalrekka veks år for år. I år vil vi løfte fram krafta som finst i kvar enkelt av oss, evna til å ta avstand frå det negative og omfamne dei gode tankane om seg sjølv. Ei lita endring kan vere nok, frå “Kan eg?” til “Eg kan!”
