Vamp
Billettar
Om arrangementet
VAMP kjem endeleg tilbake til Ørsta! Dei gler seg, og det gjer vi også! Billettsalet er i gang.
I godt og vel tre tiår har de levert hundrevis av songar om det å vere menneske. Om
kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp tilhøyrer eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet
mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela.
Dei har oppnådd massevis av heider og ære, m.a 5 Spellemannsprisar,Prøysenprisen og
Medaasprisen . Dei har gitt ut 18 album og selt over ein million plater.
Deira siste utgiving «Tiå det tar « fikk gjennomgåande strålande kritikkar og høge
terningkast frå meldarane, og nokon meinte til og med at dette er Vamps beste utgiving så
langt.
Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei ausar av på konsertane sine.