Ein kveld med Tore Renberg 2020: På den andre sida av pesten

Om arrangementet

Tore Renberg inviterer til samling rundt leirbålet i haustmørket. Han kjem i haust med ein ny roman, Tollak til Ingeborg, og hentar ei ny utgåve av «Ein kveld med Tore Renberg» opp av hatten – den varme, forunderlege og morosame framsyningahan har turnert land og strand med dei siste fem åra. Om du enno ikkje har sett multikunstnaren frå Stavanger live, bør du gripe sjansen.

Med seg på scena har han gitaristen Alexander Flotve.

NB: På grunn av smittevernreglane blir dette ein kort og eksklusiv turné. Det blir lagt ut svært få billettar. Ver tidleg ute!

Tore Renberg (f. 1972) er ein av dei mest lesne og anerkjende forfattarane i landet. Han har gitt ut ei rekkje bøker, bl.a.moderne klassikarar som Mannen som elsket Yngve, Kompani Orheim og Du er så lys. Han er også kjend for dei burleske romanane i Teksas-serien. Renberg er i tillegg musikar, med to soloalbum bak seg og eit tredje i vente.

 

Dette er eit arrangement i programserien Etterspel, i regi av Dei nynorske festspela.