Festspela: Tingingsverket 2021

Om arrangementet

Tingingsverket 2021 er ved festspeldiktar Sigmund Løvåsen og komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli. Lyrikken og musikken blir skapt i samspel, og vi ventar ei heilt unik oppleving i Ørsta kulturhus.

Festspeldiktar i 2021 er Sigmund Løvåsen frå Trysil. Sidan debutromanen Nyryddinga i 2003 har han gitt ut ei rekkje romanar, skodespel og diktbøker. Løvåsen var også leiar i Den norske Forfatterforening frå 2012 til 2017.

Erlend Apneseth og Frode Haltli er begge røynde og prislønte musikarar og komponistar i skjeringspunktet mellom folkemusikk og samtidsmusikk. Dei har mellom anna samarbeidd på albumet Salika Molika (2019), som fekk Spellemannprisen i kategorien Åpen klasse.