Terje Sporsem - Absolute Norsk

Om arrangementet

Feelgood&iStage presenterar Terje Sporsem med “Absolute norsk” - eit show om verdas aller, aller beste land. 

Terje Sporsem er tilbake med eit standupshow der han skal prøve å finne essensen av Norge. Kva er det eigentleg å være norsk? Er vi framleis blåaugde lukkejegerar, eller har oljen gjort oss til stappmette verdsborgarar? Med eit humoristisk skråblikk på nordmenn, norsk historie og notid vil Terje prøve å nærme seg svaret på kva som gjer oss «Absolute norsk». 


Dette er Terje sitt fjerde soloshow - og har premiere same år som han feirar 25-årsjubileum som komikar. Terje sine tidlegare show har gjort stor suksess på både scene og skjerm, og har etablert Terje som ein av landets fremste og mest samfunnsengasjerte komikarar. 

Regi: Arvid Ones