Teatret Vårt: Deilig er jorden

Om arrangementet

 Leiken juleframsyning for heile familien 

 

Jula nærmar seg i det lyseraude landet. Kvar dag før jul opnar keisaren dørene til Palasset og inviterer alle inn til sitt fantastiske popshow! Han syng splitter nye låtar, i nye kule klede. Han er ei julestjerne! Ein dag får palasset uventa besøk av ei framand jente som ber på ein stor løyndom.

Jenta påstår at jula har forsvunne. Keisaren sine reparatørar meiner ho tek feil, og prøvar alt dei kan å få henne til å passe inn i deira syn på verda. Det går ikkje heilt etter planen. Kva skjer når den store løyndomen blir avslørd? Vågar ho å stole på si eiga julestemning?   

Velkomen inn i eit behageleg univers der alle er nøgde, alle er glade, ingen er triste eller sjuke, alle problem er borte og livet er perfekt! Eller… er dette eigentleg mogeleg? Og stemmer det at jula varer frå september til påske?

«Deilig er jorden» er ei leiken og musikalsk forteljing om å stille spørsmål ved tilværet og å finne vegen heim til jul. 

Målgruppe: frå 4 år og oppover.