Teater // Negative Nils
Billettar
Om arrangementet
Negative Nils er ei varm og humoristisk framsyning om utanforskap og det
å trasse sine eigne redslar for å stille opp for andre.
Nils er ein bekymra liten fyr med runde briller som er livredd for høg fart, gluten,
laktose og bakteriar. Dessutan er han ekspert på å tenkje negativt og ser alltid for
seg at det verste kan skje.
Når den sprudlande og tilsynelatande bekymringslause klassekameraten Janne
Marianne inviterar hele klassa til bursdagsselskap, er Nils den einaste som dukkar
opp på festen.
Angsten, usikkerheita og alle allergiane hans kjem i vegen for både
bursdagsmaten, bursdagsleikane og konkurransane Janne Marianne har planlagt, og
bursdagsfesten blir slett ikkje slik Janne Marianne hadde sett for seg.
Sjølv om Negative Nils og positive Janne Marianne er to vidt forskjellige born, så har
dei kanskje meir til felles enn ein skulle tru – kanskje kan dei lære noko av
ulikheitene? Kan det til og med tenkjast at Nils ikkje er så allergisk mot støv og gluten
llikevel?
Opplev NEGATIVE NILS på Ørsta Kulturhus 20. september kl.15.00.
Velkomen!