Konsert med Sunnmøre ungdomssymfoniorkester

Om arrangementet

Sunnmøre ungdomssymfoniorkester (SUS), som Volda Kulturskule og Ørsta Kulturskule driv saman, er det einaste orkesteret i sitt slag mellom Bergen og Trondheim. Orkesteret har over 60 medlemmar, inkludert nokre vaksne støttemusikarar. Dette er eit tilbod for dei som har starta på ungdomsskulen. Orkesteret har med musikarar frå heile Sjustjerna, og dirigent er Magnar Åm.

SUS brukar å invitere med seg gjestar på konsertane sine, og på denne konserten i Ørsta er det Volda/Ørsta korskule som bidreg. 
Repertoaret som SUS presenterer denne gongen spenner frå filmmusikk til samtidsmusikk, og publikum vil få høyre urframføring av eit verk skrive spesielt for orkesteret.

 

Til dette arrangementet er det unummererte billettar sidan konserten skal haldast i festsalen.