Stemt // Human Heart

Om arrangementet

Blandakoret Stemt har base i Volda og Ørsta og har fått mykje god omtale dei siste åra for sin
presise klang og gode formidling. Koret vart skipa i 2015 og består i dag av 28 dedikerte
korsongarar med mykje, variert song- og musikkerfaring.
Repertoaret til koret spenner vidt, frå rytmisk populærmusikk til sakral kyrkjemusikk, med
det til felles at den i all hovudsak vert framført a capella. Det vert stilt store krav til gode
arrangement som tek vare på særpreget i musikken, i tillegg til å framheve koristane sine
styrker.
Siv Kristin Aurdal er dirigent og musikalsk leiar for koret. Ho har lang fartstid som dirigent og
songpedagog og er også leiar for Volda gospelkor. Ho har si utdanning frå Norges
musikkhøgskole og arbeider til dagleg på musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

___________________________________________________________________________
Konserten «Human heart» vart satt saman som ein reaksjon på all uroa som rystar verda i
desse dagar. Konflikter, brot på menneskerettar og tallause katastrofer sett dagleg sitt preg
på verdsbiletet. Nokre blir vi mint om dagleg, medan fleire er gøymt og gløymd av omverda.
Med denne konserten ønsker Stemt å løfte fram det gode i mennesket - og å minne om det
ansvaret vi har som medmenneske; ansvaret for å ta vare på kvarandre og på miljøet vi lev i.
Repertoaret er denne gongen sett saman av relativt nykomponert musikk, i spennet frå godt
kjende poplåter til nyare korkomposisjonar. Jacob Collier, Coldplay, Pentatonix og Bob Dylan
er nokre av namna bak musikken, som har til felles at den tek vare på den viktige bodskapen i
konserten, både gjennom stemning og tekst. Stemt tilfører songane eit heilt eige særpreg,
med sine varm klang og gode tilstedeværelse. Med varierte arrangement, glimt i auget og eit
knippe flotte solistar inviterer vi deg til ei fin koroppleving!


Med oss på lyd og multimedia har vi med Torgrim Skjerdal.