Somebody to love / Musikalen 2023

Om arrangementet

Musikalturné i kjærleikens teikn

Måndag 13. februar går sceneteppet opp for «Somebody to love»! På scena får publikum møte kjærleiken gjennom musikk, dans og fargar.

Årets musikal frå Volda vidaregåande besøker både Ørsta kulturhus og Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik frå 13.-16. februar. 

«Somebody to love» er den 26. musikalen i rekkja, og den fyrste der elevane sjølve har vore med på å skrive manus. Årets tredjeklassingar på Musikk, dans og drama har vore med på prosessen for å knyte songane i musikalen saman til ei forteljing. 

I Musikalen møter me fleire studievener som går gjennom kvar sine utfordringar. For korleis kan ein oppnå kjærleiken? At nokon ser deg og at ein har nokon å vere glad i?

Linja Kunst, design og arkitektur er med på produksjon av kostyme og rekvisittar til årets musikal, medan Medium og kommunikasjon står for kulisser, marknadsføring og dokumentasjon. 

Om lag 140 elevar og 20 lærarar er med på lasset når Musikalen 2023 sparkar laus 13. februar på Ørsta kulturhus. 

  • Premiere MÅNDAG 13.2 kl. 19:30 Ørsta Kulturhus
  • Framsyning 2: TYSDAG 14.2. kl. 17:30 Ørsta Kulturhus
  • Framsyning 3: TYSDAG 14.2. kl. 20:30 Ørsta Kulturhus

 

  • Framsyning 4: TORSDAG 16.2 kl. 17:30 Sjøborg kulturhus
  • Framsyning 5: TORSDAG 16.2 kl. 20:30 Sjøborg kulturhus