Kaptein Rødskjegg & Sjørøvarane

Om arrangementet

Velkomen til piratfest med Kaptein Raudskjegg, Kalle Kanon og Jern-Harry i toppform! Her vil sjørøvarane framføre sin elleville versjon av "Dei tre Bukkane Bruse", fortelje heilt ekte røvarhistorier - og vere vitne til at kapteinen utfører litt alternativ magi.

Kaptein Raudskjegg og sjørøvarane består av tre glade (men ikkje så veldig smarte) piratar som har turnert rundt omkring i Norge i tjue år. Konseptet er berekna på born i alle aldrar, og er bygd på musikalsk kvalitet, humor og god moral (dersom ein sjørøvar kan ha humor og moral då…). Rollefigurane er ekte vare, og heilt utan lausskjegg, sminke, plastsverd og anna fjas.

Verdas mest morosame sjørøvarar har utvida songskattekista si med fleire pirathits, dei har nye og spanande historier frå dei sju hav å fortelje… og Kaptein Raudskjegg trur han har lært seg å trylle!

Dette er ei fantastisk piratframsyning som passar for piratar og piratinner i alle aldrar, også vaksne!

Kjølen er våt og snøret er i bånn – vi piratast!