Romjulsdans med Broad Line

Om arrangementet

O jul med din glede - etter eit års ufrivilleg pause er Broad Line endeleg tilbake på kulturhuset! Her blir det business as usual - masse folk, topp stemning, dansemoves av varierande kvalitet og ein kavalkade av dansbare gigahits frå det herlege 80-talet - tiåret då alt var rosa og sola aldri gjekk ned. Bandet har sjølvsagt øvd inn nye perler sidan romjula 2019, og du får blant anna høyre låtar av Bon Jovi, Prince, Roxette, Madonna, Duran Duran og Bryan Adams som du aldri har høyrt dei spele før. Christian Gaard er som vanleg med på laget, og syter for at du får det du treng av forfriskningar. Velkomen til ein festkveld du kan leve heile vinteren på! Broad Line består framleis av Venche Vartdal Leite (vokal), Asle Eiken (vokal), Bottolf Lødemel (keyboard), Stein Henrik Vartdal (keyboard), Frode Sundnes (trommer), Lars Inge Bjørneset (bass) og Fred Igland (gitar).