Romjulsparty med Broad Line
Billettar
Om arrangementet
Romjulsparty med Broad Line
Broad Line er bandet som diggar 80-talet, og som elskar å gje publikum autentiske versjonar av den beste 80-talsmusikken. Mykje av musikken frå denne tida har stått seg veldig godt, og forklaringa er enkel: det er kvalitetsmusikk med gode melodiar og fengande refreng! Her får du dei største hitsa frå Toto, Madonna, AC/DC, Bon Jovi, Bryan Adams, Tina Turner, Prince og mange fleire. Broad Line slapp sin første heimelaga låt våren 2025 (Love of my Life) - fleire er på gong, og kanskje blir det ei overrasking i løpet av kvelden? Det er alltid masse folk og god stemning på desse romjulspartya, og vi lovar deg ein herlig kveld på Ørsta kulturhus med den beste musikken frå det glade og fargerike 80-talet! Arrangementet har aldersgrense 18 år.
Broad Line er Asle Eiken (vokal), Venche Vartdal Leite (vokal), Stein Henrik Vartdal (keyboard), Bottolf Lødemel (keyboard), Frode Sundnes (trommer), Lars Inge Bjørneset (bass) og Fred Igland (gitar).
