Riksteatret: Draumen om ei kvit jul

Om arrangementet

Ver forsiktig med kva du ønskjer deg til jul! Lena Kristin Ellingsen, Nader Khademi, Gard B. Eidsvold og Cato Skimten Storengen ringer jula inn med eit riktig fornøyeleg julemareritt.

Draumen om ei kvit jul. Det høyrest unekteleg romantisk og hjartevarmt ut. Men lat deg ikke lure.

Og ta for all del ikkje ungane med på denne.

 

Det er vesle julaftan, og ei gammal mor ventar på dei to vaksne sønene med familie. Kjem alle i år? Nei. Sjølvsagt gjer ikkje alle det. Men sønene dukkar etter kvart opp. Dei tykkjer det er slitsamt med den gamle, lam og blind som ho er. Hadde det ikke vore best for alle om ho ja, du veit. Og i det tanken er tenkt, bankar det på døra.

Ei kasse årgangsvin kjem på bordet. Ein stor kniv finn eit offer. Løgn og sanning blir avdekka. Det blir kasta lys over mor si fortid. Og vi syng gamle songar om igjen.

Sjå fram til fest og fyrverkeri, latter og gråt, pinnekjøt og julegran og rikelige mengder julestemning når Statsteatret ringer jula inn saman med Riksteatret og Nationaltheatret.

Statsteatret har dei siste åra gjort stor suksess i heile Noreg med kritikarroste framsyningar, der dei viser korleis humor og lun galskap kan formidle tematikk til ettertanke. Dei er særlig kjende for si heilt personlege formidling av 1000 års norgeshistorie fortalt gjennom ti teaterframsyningar på ti år. I 2022 mottok dei Hedda-pris for «særlig kunstnerisk innsats».

Framsyningslengde: ca. 1 time 30 minutt (ingen pause). Urpremiere i Oslo, Nydalen 9. november 2023 Turnépremiere på Nøtterøy 14. november 2023

Med Lena Kristin Ellingsen, Cato Skimten Storengen, Nader Khademi og Gard B. Eidsvold

Av Yngve Sundvor. Regissør Yngve Sundvor. Lyddesigner Rikard Strømsodd. Lysdesigner Axel Sundbotten. Musikalsk arrangør Andreas Utnem. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Statsteatret og Nationaltheatret.