Riksteatret: Detektivbyrå nr.2

Om arrangementet

Operasjon Teater

Barn i Noreg elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. No blir det teater for heile familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løyse eit heilt nytt mysterium!
Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som ein berre kan oppleve når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt. For kva er det eigentleg som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spele framsyninga Hamlet? 
Kvifor har det skjedd mystiske ulykker under heile turneen? Kviler det ei forbanning over teaterframsyninga, eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spanande mysterium i teateret si magiske verd. 
Vi gler oss til å sjå deg i teateret! Viss du vil, kan du kle deg ut i eit heilt eige teaterkostyme når du kjem til teateret. 

Faktaboks:
Detektivbyrå nr. 2-bøkene er ein av Noregs mest selde barnebokseriar gjennom tidene med eit samla opplag på over 2 millionar. "Operasjon Teater" er ei heilt ny teaterframsyning basert på universet som barna kjenner frå bøker og film.

Urpremiere i Oslo, Nydalen 10. september 2021
Turnépremiere i Larvik 15. september 2021
Framsyninga varer i 2 timar (inkludert pause).
Passar for barn frå 5 år.

Med Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen, Janne Starup Bønes, Amalie Ibsen Jensen, Arjan Nilsen, Thomas Jørstad Pettersen og Amanda Hedvig Strand.
Av Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst. Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfattar Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes. Regissør Hilde Brinchmann. Scenograf Paul Sebastian Garbers. Kostymedesignar Helena Andersson. Assisterande designar Signe Gerda Landfald. Lysdesignar Martin Flack. Lyddesignar Komponist Eirik Myhr. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret.