Motevising med Ørstakoret?

Like visst som hausten er Ørstakoret si motevising. Den 16. oktober er folk i alle aldrar velkomne til Kulturhuset for å sjå haustens motar og kanskje til og med juleantrekket.

Jarle Johnsen losar oss gjennom haustens nye fargar og trendar frå Kle og Kaffi, More Woman,Vienna Mote og Femina. Modellane er også denne gongen damene i koret.

Dirigent Ketil Grøtting leier koret i ei lita koravdeling, og spelar piano til sjølve motevisinga.

 

Kake- og smørbrødbordet vil som alltid vere variert og rikhaldig, og det vert loddsal med trekking av gåvekort og andre flotte gevinstar!

 

Billettar får de kjøpt på nettet og i kiosken på Ørsta Kulturhus. Dørene vert opna kl. 18.30.

Velkomne til ei triveleg kveldsstund rundt borda på Kulturhuset onsdag 16. oktober kl. 19.00.

Sjå annonsar i avisa 12. og 15.10.
 


Billettar til Motevising med Ørstakoret?

  1. Ons 16. okt kl 19:00 Festsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_