Personvernfråsegn

Ørsta kulturhus

Denne personvernfråsegna skildrar korleis Ørsta kulturhus samlar inn og brukar personopplysningar. Kulturhusleiar Janne Skarstein er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Fråsegna inneheld opplysningar du har krav på når det samlast inn opplysningar fra nettstaden vår (personopplysningslova §19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova §18 1. ledd).

Behandling av personopplysningar på
www.orsta.kulturhus.no

Kulturhusleiar Janne Skarstein har dagleg ansvar for Ørsta kulturhus sine behandlingar av personopplysningar på www.orsta.kulturhus.no med mindre anna er oppgitt under. Det er frivillig for dei som vitjar nettsidene å oppgi personopplysningar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den einskilde, med mindre anna er spesifisert.

Nyheitsbrev

Ørsta kulturhus sender ut nyheitsbrev om lag 10-15 gongar per år via e-post. For at vi skal kunne sende e-post må du registrere ei e-postadresse. Mailchimp er databehandlar for nyheitsbrevet. E-postadressa lagrast i ei eiga database, delast ikkje med andre og slettast når du seier opp abonnementet. Epost-adresse og namn brukast ikkje til noko anna enn nyheitsbrev. Alle på e-postlista vår har fått tilsendt ein e-post med informasjon om kva som må gjerast om ein ikkje ynskjer å motta fleire epostar frå oss. Dette vart sendt ut i juni 2018. Det står også informasjon i alle nyheitsbrev om korleis ein går fram for å melde seg av e-postlista.

Billettsystem DX

Lenke til DX si personvernerklæring

Nettstatistikk

Ørsta kulturhus brukar Google Analytics for å spore antal besøk og generell brukaråtferd på nettstaden. IP-adresser lagrast ikkje, ip-anonymisering er aktivert.
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som plasserast på di datamaskin når du lastar ned ei nettside. Les og sjå korleis cookies fungerar her: https://cookiesandyou.com
Google Analyticswww.orsta.kulturhus.no brukar Google Analytics for å sjå korleis brukarane av nettsida brukar den. Vi kan sjå kor lenge dei vitjar sida, kva sider dei vitjar, demografisk informasjon, interesse, geografi, åtferd og teknologi. All denne informasjonen er sjeldan relevant, vi brukar det stort sett til å sjå kor mykje besøk det er på sidene våre.
Facebook – vi brukar ein så kalla Facebook pixel. Facebook Pixel er eit analytisk verktøy som måler kor effektiv Facebook-annonseringa vår er. Vi kan med den måle konverteringar, bygge publikum og optimalisere annonsekampanjene våre via annonseadministrasjonen på Facebook.
Vi brukar pikselen til å forstå kva handlingar brukarane våre utfører etter dei har trykka på ein annonse, noko som gir oss høve til å nå dei brukarane som er viktigast for oss. Ved å lære av den åtferda som brukarane våre har på nettstaden vår, kan vi effektivisere kommunikasjonen og bodskapen i kampanjene vi køyrer på Facebook.
DX – lagrar ein cookie slik at vi kan sjå kor eit sal kjem frå.

_
_
_