Operahistorien på 60 minutt

Om arrangementet

Velkommen til eit operashow du aldri har sett make til! Vi tek deg gjennom 400 år med operahistorie på berre 60 minutt (om vi rekk det). Vi har plukka ut alle operagodbitane og laga ei heilt ny framsyning som skal få DEG til å elske opera. Kan hende plukkar du opp nokre nye morosame operafakta om du allereie er operanerd? Opera lenge leve! 

Operahistorien på 60 minutter (hvis vi rekker det) er ei humoristisk framsyning som tek føre seg heile operahistoria på 60 minutt. Med framsyninga ynskjer vi å syne at operaforma famnar meir enn berre Carmen og at kunstforma opera slett ikkje er utdatert. Gjennom å framføre høgdepunkt frå heile operahistoria inviterer vi publikum til å oppleve opera på sitt beste, i ei uformell og humoristisk ramme. 

Framsyninga tek publikum på ei reise frå Monteverdi på 1600-talet til kjende komponistar som Mozart, Verdi, Puccini, Wagner og dagsaktuelle Henning Sommerro. Vi syner operasjangeren frå si beste side, og utøvarane tek musikken på fullt alvor sjølv om framsyninga er full av humor. 

Operahistorien på 60 minutter er regissert av Bjørn Sæter og skreddarsydd for det urøynde publikum – sjølv om den og passar godt for dei meir operainteresserte. Framsyninga hadde premiere i juni 2016 og er sidan spilt på fleire scener i Noreg, mellom anna Universitetets aula i Oslo, under Operafestukene i Kristiansund og på Oslo Operaball. 

Opera lenge leve! 

Ein liten smakebit får du her: https://www.youtube.com/watch?v=m7iMi7fGes8&feature=youtu.be

Idé, manus og medverkande:

Hanne Korsbrekke Askeland, sopran
Sara Aasen, sopran
Dagfinn Andersen, baryton
Knut Kristian Mohn, tenor
Pianist: Stefan Ibsen Zlatanos
Regi: Bjørn Sæter             
        
Øvrig kreditering 
Foto: Erika Hebbert og Yngve Vogt (Se bilder for spesifisering)
Oversetter: Janneke Flem Jansen