Fotballfest på Ørsta kino : NOREG - ENGLAND

Om arrangementet

Fotballfest i Ørsta – inviterer til gratis VM-kamp på storskjerm!

Ørsta kommune og SpareBank 1 SMN inviterer heile bygda til fotballfest når Noreg møter England. Målet er enkelt: å fylle kinosalen med 300 fotballsupportarar og skape ei stemning som kan løfte landslaget fram til siger.
Når avspark går, blir kampen vist på storskjerm i kinosalen i Ørsta kulturhus. Dørene opnar kl. 21.30 og kampen byrjar kl. 23.00.
Arrangementet er gratis og ope for alle, og takka vere bidrag frå SpareBank 1 SMN sitt samfunnsutbytte får alle som kjem servert popcorn, brus og pølser.
Vi ønskjer å samle folk til ei skikkeleg fotballoppleving. Dei største augneblikka blir best når dei blir delte, og vi håper både små og store tek turen for å heie fram Noreg saman.
Arrangementet er rusfritt og familievennleg, og alle er hjarteleg velkomne. Kinosalen har plass til om lag 300 personar og håpar på å fylle kinosalen og skape den beste heimebanestemninga landslaget kan få. For å sikre seg plass kan ein tinge gratisbillett i billettsystemet til Ørsta kino.
No håper vi Ørsta stiller opp! Ta med familie, vener og naboar, og bli med på å skape den beste heimebanestemninga Noreg kan få – frå kinosalen i Ørsta.

Billettane leggast ut i dag, onsdag 8.juli kl. 13:00.

Unummererte plassar, du finn deg plass når du kjem.

Det er også mulig å møte opp i kinotida og hente ut billett i kiosken.

NB! Har du teke ut billett og vert forhindra i å kome, kontakt oss snarast råd så vi kan gi billetten til nokon andre! 

Tlf 700 45 500 
Mail : post@orstakulturhus.no