Montasjar

Om arrangementet

Presens MONTASJAR 

I det tverrkunstnarlege prosjektet Montasjar går utøvarane i møte med den skipsrelaterte industrihistoria på Sunnmøre. I Volda byrja det med den legendariske Voldamotoren og heldt fram med produksjon av gir og propellar. Andre stader langs kysten har liknande historier. I denne framsyninga blir det fysiske arbeidet ført vidare gjennom dans, musikk og film i ein fokusert samtale som skjer her og no, slik namnet på gruppa – Presens – signaliserer. Tittelen Montasjar viser til arbeidet ved fabrikken, men også til ein kunstnarleg metode. Gjennom samanfletting av filmbilete og lydopptak frå industriproduksjon med musikk og dans blir det skapt eit verk der kunst og fabrikkarbeid smeltar saman til ein ny meiningsberande heilskap.
 
Presens:
Andreas Barth – perkusjon, nøkkelharpe, samples
Geir Hjorthol – trompet, elektronikk, samples, stemme
Magnar Åm – flygel, glas, keyboard, stemme
Einy Åm Sparks – dans, koreografi, filmredigering, vokal
Tyler Sparks – filmfotografi og visuelle effektar