Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen // Konsert
Billettar
Om arrangementet
STILLHOUSE – DUO
Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er to av landets mest særmerkte artistar – og saman utgjer dei ei kraftpakke av nærvær, energi og musikalitet. Dette er americana med norsk sjel: rått, varmt og fullt av liv.
Raknes spelar berre kontrabass, men får instrumentet til å låte som eit heilt band. Med fingerspel, effektar og looping byggjer han alt frå lågmælte landskap til drivande groove, medan stemma til Wilhelmsen slyngjer seg rundt, over og gjennom lydbiletet med leik og presisjon. Samspelet mellom dei er intuitivt, morosamt og uforutsigbart – ein fri flyt av musikalsk overskot.
Repertoaret består av Raknes sine eigne låtar frå Stillhouse-serien – Chasing the Real Things, On the Road, Due og Drone, TID – og handplukka tolkingar av mellom andre Bruce Springsteen, Bob Dylan og Depeche Mode. Fellesnemnaren er ærlegdom, musikalitet og forteljingar som treff.
Stillhouse Duo er kjend som eit av landets beste liveband, med ei sjeldan evne til å kommunisere med publikum – ekte, spontant og med smittande speleglede.
Steinar Raknes
Bassist, vokalist og låtskrivar med ein særprega kombinasjon av kontrabass, stemme og elektronikk. Han har gitt ut fleire kritikarroste album, turnert verda rundt og spela med artistar som Chick Corea, Mickey Raphael og Tord Gustavsen. Raknes er kjend for sitt sterke nærvær, virtuose og nyskapande basspel, uttrykksfull vokal og evna til å skape store lydbilete ved hjelp av elektronikk – ein kompromisslaus musikar med djup forankring i både jazz og americana.
Unni Wilhelmsen
Songar, gitarist og låtskrivar med ei stemme og formidlingsevne som har gjort henne til ein av Noregs mest folkekjære artistar. Ho slo gjennom i 1996 med låta Won’t Go Near You Again, og har sidan gitt ut fleire prisvinnande album, turnert landet rundt og samarbeidd med ei rekkje norske musikarar. På scena er ho varm, vittig og til stades – ein formidlar som får alt ho syng til å kjennast ekte.
