Konsert / LAVA (ny dato)

Om arrangementet

LAVA PÅ TURNÉ I 2021!

Det er no 44 år sidan dette legendariske bandet vart grunnlagt i Årdal, og i fjor var det 40 år sidan dei gav ut sitt debutalbum - "Lava" - i 1980. Dette skulle bli starten på eit livslangt eventyr, og ikkje minst ei musikalsk reise av dei sjeldne. Lava har no helde det gåande i seks forskjellige tiår (!), og medlemma har heile tida vore dedikert til musikken på fulltid.
I august 2019 kom deira niande studioalbum "Water", som inneheldt 12 nye låtar i umiskjenneleg Lava-stil. No jobbar dei med enno eit album, og nye låtar vil bli sleppte fortløpande utover våren og sommaren.
På turnéen denne våren håpar bandet å møte flest muleg av sitt trufaste publikum i Ørsta, sjølv om det truleg berre blir lov å ha 100 personar på denne konserten. Publikum vil få presentert nytt materiale, i tillegg til dei gode gamle låtane frå bandet sitt rikhaldige repertoar. Her vil du få trøkk, musikalitet og musikalske opplevingar med nokre av landet sine beste musikarar!
Lava på scena våren 2021 består av:
Egil Eldøen - vokal
Svein Dag Hauge – gitar
Per Hillestad – trommer
Tom Erik Antonsen – bass
Frode Østang Mangen – keyboard
Kåre Kolve – saksofon

Konserten startar kl. 20.00.

Velkomne!