Å, signa natt / Ine Hoem og Edvard Hoem

Om arrangementet

Å, signa natt

I november og desember 2023 vil Ine og Edvard Hoem turnere med adventskonserten «Å, signa natt». Edvard les adventstekstar frå romanane sine og Ine syng den folkekjære gjendiktinga av «O, helga natt» (Å, signa natt) i tillegg til fleire julesongar ho har gjeve ut dei siste åra, til dømes: «Å, menneske ved juletid» og «Jamn vegane for Herren», med fleire. 

Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med romanane om forfedrane hans som utvandra til Amerika. Ine Hoem har gjort stor suksess med sin smakfulle visepop og songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi». Sidan 2021 har far og dotter turnert med konserten «Alt vi har kjært» med nyskrivne tekstar av Edvard Hoem, tonesett av Ine.

Edvard Hoem seier:

«Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje burde skrive om dét,
men i staden om dei store og små samanhengane som rammar inn menneskelivet, og som er der
same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vere. Vi står mellom framtidshåp og fortida med sine
minne, vi lever i årstidene og døgn-tidene, i kvardagen og i kosmos. Alt dette skal inn i nokre få
verselinjer, som også skal uttrykke livsfryd og glede over alt det fantastiske som livet trass alt har å by
på».

I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt et unikt univers i møtet mellom visepop, jazz, salmar og Edvard sine tekstar.
Dette blir ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine syng Edvard sine tekstar i tillegg til sine egne mest kjente
songar, medan Edvard les frå sin siste roman "Felemakaren" og sine andre utvandrarromanar.
Dette samspelet mellom far og dotter bør opplevast; humor, alvor, musikk og tekst går opp i ei
høgare eining.

På scena:

Edvard Hoem - forteljar

Ine Hoem - vokal

Markus Lillehaug Johnsen - gitar

Andreas Ulvo - flygel

Velkomne til ei stemningsfull stund!