LOSTRUPANE MED BAND - STILL STANDIN’

Om arrangementet

Etter lang tids korona-dvale klinkar Lostrupane til med rocka konsert i Ørsta kulturhus!

Med songar frå Queen, Toto, Billy Joel, Elton John, Imagine Dragons m. fl. er dette ei konsertoppleving vel verdt å få med seg.

Vår dyktige dirigent Janne M.G. Skarstein har også ei overrasking på lur.

Bandet består av Terje Raudi, Guttorm Sæbø, Jan Nygård,  Anders Kvile og Alf Andre Bjørke. I tillegg har vi med fele og blåserekke, totalt 11 musikarar.

Lostrupane er eit stort blandakor med medlemmar frå Stryn, Loen og Olden, og dirigenten er frå Ørsta. 

Vi garanterer at det vil rykke i rockefoten, og vi gledar oss til å stå på scena igjen.