Klypa-show: Global utblåsing - premiere

Om arrangementet

Endeleg kan Klypa igjen «proudly present», eit flunkandes nytt Klypa show! «Global Utblåsing» sjokkerar i kjent Klypa stil, samtidig som tematikken er høgaktuell. Vi vil garantert treffe på ein eller fleire karakterar som minner oss faretruande mykje om nokon vi kjenner, veit om, eller er det rett og slett oss sjølve vi ser ei tolkning av på scena?

Dette vert tidenes galskap, sett gjennom hjernene til ikkje mindre enn 7 Klypa-figurar! Kvar figur har si heilt spesielle tolkning av korleis livet på jorda har blitt i desse klimatider. Alle figurane føler seg forfulgt, både på jobb og på privaten, av klimajaget og alle meiningane som florerar om temaet. På toppen av det heile slit dei også med «me too», kjærleikens opp og nedturar, og ikkje minst pressar Kjellen på, med sine tankar om trening og kosthald. Saman finn dei trøyst gjennom musikken, startar bandet «Vasslaust», og spelar der ut sine frustrasjonar. Det er nok ikkje feil å sei at dei er inspirert av lokale band, som gjer det særs godt rundt om i heile landet!

Alt dette blir til saman eit heidundrandes show som kan hende endrar deg for alltid. Kven veit?

Spenn deg fast atter ein gong, og bli med på denne fantastiske reisa! Du vil mest sannsynleg ikkje angre.