Grand Prix i Ørstahallen

Om arrangementet

15.januar 2026 arrangerer Ørsta Ungdomsskule nok ein ein gong Grand Prix i Ørstahallen. Det vert som før mykje energi på scena, musikkglede og ein pangstart på nyåret når elevane i dei 15 klassene skal prøve å overbevise dommarane om at nettopp dei har det beste innslaget.

Kaffi og noko å bite i kan du kjøpe både før showstart og i pausa, og du også kan kjøpe tombolalodd og vinne flotte premiar. Velkommen til ein skikkeleg festkveld i Ørsta si storstove!