Festkonsert i Ørstahallen

Om arrangementet

Om Stavangerkameratene

Stavangerkameratene – klare for å ta Ørsta med storm!
Med over 100 millionar strøymingar og ein Spellemannsnominasjon i bagasjen, har Stavangerkameratene for lengst etablert seg som eitt av dei mest populære og energiske livebanda i Noreg.

Konsertscener og festivalar over heile landet blir forvandla til reine allsangfester når dei dreg i gong sine største hits – frå «Bare så du vett det», «Vekk meg opp» og «Vil du shalala» til «Barndomsgater», «Ka e ord» og den ultimate helgelåta: «HELG».

No jobbar dei med sitt fjerde album – og er meir klare enn nokon gong for å setje fart på feststemninga over heile Noreg!

Er du klar for å synge med?
 
Om Pineapple Express

PINEAPPLE EXPRESS – Endeleg på ein stor scene i Ørsta!
Er du klar for ei kveld med latter, dans og ustoppeleg god stemning? Då må du få med deg Pineapple Express – Ørstas eigen festgaranti!

Med røtene godt planta på Sunnmøre og med bråtevis av utselde konsertar bak seg, har Pineapple Express blitt eit av dei mest elskede coverbanda i regionen. Dei leverer låtar du kjenner og elskar, servert med energi, speleglede og ein god dose sunnmørsk galskap!

Frå pop og rock til guilty pleasures og partyklassikarar – dette er lyden av ein kveld du seint vil gløyme!

Om Father & Son
Father & Son – live i Ørsta for fyste gong!

Gjer deg klar for ein musikalsk kveld utanom det vanlege når Father & Son inntar scenen i Ørstahallen!

Med Robin Bogstad, tidlegare vokalist i Oslo Blaaseorkester, i front, leverer han og Tom ekte speleglede, energi og låtar som sit i kroppen lenge etter siste tone. Her får du alt frå groove og trøkk til varme melodiar og rå vokal.

Dette er ikkje eit band du møter kvar helg – du må til Ørsta for å oppleve karane i nærleiken i haust!