Saman om demens

Om arrangementet

 
 

Pårørandegruppa ved Ørstaheimen inviterer til ein dag der vi er saman om demens måndag 22. september 2025. Dette blir ein dag med fagleg påfyll, personlege historier og rom for å dele erfaringar. Arrangementet er ope for alle – både pårørande, helsepersonell, politikarar og andre interesserte.

NÅR:  22. september 2025 kl. 10.00-15.30

KVAR: Ørsta kulturhus, flatsalen.

Les meir info her, og hugs å melde deg på. 

Demens rammar stadig fleire. For at pårørande skal klare å stå i det over tid, treng dei støtte, kunnskap og forståing frå både fagfolk og samfunnet rundt.

Arrangementet er gratis og ope for alle.
Det blir enkel servering, og vi håper mange vil kome – anten du er pårørande, helsearbeidar, frivillig, politikar eller berre nysgjerrig.

Velkomen til ein dag med alvor, innsikt, håp og fellesskap!