Sangboka - med Espen Eriksen og Gunnar Halle

Om arrangementet

Musikalske reiser

I konserten «Sangboka» byd Espen Eriksen (piano) og Gunnar Halle (trompet) på tolkingar av kjende og kjære songar frå den norske songskatten. Mange vil kjenne igjen desse songane frå Mads Bergs skolesangbok. 

Etter tre plater og 14 år med turnéar over heile Europa med spennande nye versjonar av tradisjonell musikk – både religiøse og verdslege – har duoen blitt meistrar i å revitalisere gamle songar. I det nye prosjektet/plata «Sangboka» er endå ein dimensjon lagt til. Med forsiktig bruk av effektar og live-elektronikk bygg duoen store og hypnotiske lydlandskap.

«Vi tilhører den siste generasjonen som lærte sanger som Mellom bakkar og berg, Uti vår hage og Byssan lull på skolen. Med sterke og enkle melodier har denne musikken satt betydelige spor i oss. Som norske jazzmusikere har den norske sangboken påvirket oss mer enn The Great American Songbook. Med «Sangboka» løfter vi frem tradisjonen samtidig som vi tar den videre ved å presentere den på en ny måte.»

MEDIA:
Plata "Sangboka" - https://orcd.co/kqb6mnp
Intervju i "Holm" på NRK P1+ - https://bit.ly/3MDjwOF
Reportasje på TV Haugaland -  https://youtu.be/QFt_BuNp0Iw