"Kjærleiken og livet" med Ervingen blandakor

Om arrangementet

Gjennom heile livet møter vi musikk. Songar som skildrar stemningar med ulik språkdrakt, frå ulike epokar med varierte musikkstilar i livet sine mange situasjonar. Glede, lengt, sakn, kjærleik, attrå, sjalusi, melankoli og humor er berre nokre av orda vi nyttar for å skildre kjærleiken til landet, bygda, naturen, fellesskapet og ikkje minst til familie, partner, vener og andre ein har kjær frå barndomen til slutten av livet.
Velkomen til konsert med Ervingen blandakor på denne reisa vår med namnet «Kjærleiken og livet». 
Billettpris:
Vaksne 350,-
Born under 12 år: 250,-