Einar Lunde

Om arrangementet

Tru det eller ei! Den raskaste økonomiske veksten i verda er ikkje i Kina, India, Brasil eller USA. Den er i svarte Afrika. Og det utan at dei fleste av oss har visst noko om det.

Og kanskje mest pirrande – Kina er sjølve lokomotivet i denne
økonomiske veksten. Kina pøsar inn tusenvis av milliardar i Afrika. Og kinesarane
gir ein god dag i om dei støttar ein forferdeleg diktator som bryt
menneskerettar i fleng, eller dei investerar i land som utviklar demokrati
og openheit. 

Nyleg har Kina kunngjort verdas
største handelsrute-prosjekt. To nye «Silkevegar», ein på land og ein til sjøs,
og den maritime går rett til Afrika. 

Så, kva er Kina sine hensikter? Er Kina i
ferd med å bli ei ny kolonimakt? I Afrika er debatten om Huawei og 5G-nett like
aktuell som i Noreg, Europa, USA og Asia. 

Uansett – kva Kina gjer i Afrika får
det faktisk direkte følge for Noreg!!! 

Velkommen til eit spennande foredrag
av Dagsrevyen sin tidligare ankermann og
Afrika-korrespondent, Einar Lunde. Han har no besøkt Afrika over 100 gongar og
reiser fleire gongar årleg til det store kontinentet.  

 

Fakta om Einar Lunde: 

-40 år som
nyheitsanker i Dagsrevyen. 

-Tidligare
NRKs Afrika-korrespondent 

-Har besøkt
Afrika over 100 gongar

-Held
regelmessig forelesninger/forestillinger om bl.a. sine opplevelser som
tidsvitne under Apartheid. 

-Jobbar som
konferanse- og debatt-leder, held forestillingar, foredrag og kåseri og er
reiseledar i Sør-Afrika og Tanzania-Zanzibar for Temareiser Fredrikstad.  

Einar har skrive
to tidlause opplevingsbøker som har kome ut i til saman 22 opplag.