Ein sporv og ei diva

Om arrangementet

Britt-Synnøve Johansen og Eva Bjerga Haugen

EN SPURV OG EN DIVA

Ei nyskriven førestilling om Edith Piaf og Marlene Dietrich

Visste du at Edith Piaf og Marlene Dietrich var nære veninner?
Britt-Synnøve Johansen er tilbake med ei sjølvskriven førestilling om veninnene Edith Piaf og
Marlene Dietrich. Med seg har ho fått Eva Bjerga Haugen til å spele og synge Piaf si glamorøse
veninne, samt dei eminente musikarane Svein Ragnar Myklebust og Theodor Barsnes Onarheim.
En spurv og en diva er en førestilling om levd liv, kjærleik og venskap - et venskap mellom
to artistar der føresetnadane er totalt forskjellige, men likevel like.

• Dei lever begge eit liv i offentlegheita
• I venskapet finn dei trøst og styrke hos kvarandre

Den franske artisten Edith Piaf - med kallenavnet «Sporven» – og den syngande filmstjerna og divaen
Marlene Dietrich var to verdskjente artistar sterkt knytta til tida rundt 2. verdskrigen. Piaf kom
frå fattige kår i Paris, Dietrich fra overklassa i Berlin. Dei var totalt forskjellige i uttrykk, bakgrunn,
stil og liv, men utvikla likevel eit nært venskap som varte livet ut.

Piaf og Dietrich var to særdeles viktige artistar av si tid, som mange unge i dag ikkje har noko forhold
til. Førestillinga gjev et innblikk i livet deira, tida dei levde i og musikken dei vart kjende for. Som store
stjerner levde dei tilsynelatande glamorøse liv i rampelyset, men strevde kvar for seg med sine indre
demonar - i likheit med ein del av dagens kjende artistar, som førestillinga også dreg
linjer til.

Publikum møter dei to artistane i garderoba, på scena og i tenkte samtalar med tilbakeblikk
på livet dei eingong levde. Songene syngast vekselvis på norsk, tysk, fransk og engelsk.

Medverkande:

Artistar: Britt-Synnøve Johansen, Eva Bjerga Haugen
Piano: Svein Ragnar Myklebust
Kontrabass: Theodor Barsnes Onarheim
Manus og oversetjingar: Britt-Synnøve Johansen
Regi: Espen Hana