Konsert: Crashville

Billettar

Om arrangementet

Bygdemusikk frå Ørsta på Sunnmøre!

Det heile starta på ein fest på ein varm sommardag i 2007, med gitarspel og allsong.
Det gjekk ikkje lange stunda før bandet hadde fått navnet Crashville, og første spelejobben var eit faktum. 
Bandet blei fort ein suksess med fulle turnèlister og høg allsongfaktor på konsertane.
Musikken er fengande bygdefestlåtar om livet på bygda, og virkar å treffe både unge og godt vaksne i bygd og by.
I sommar ga bandet ut låta PØBEL, der det også blei spelt inn musikkvideo på det legendariske «Essotaket» i Ørsta, rånarane sin andre heim. Låta og musikkvideoen har gått som ein farsott sidan, og bandet fekk enorm respons og oppmerksomheit.
No er Crashville klare til å reise rundt om i Norge å halde konsertar igjen, og dei kickstarta selvfølgelig det heile med konsert i heimbygda.

Møt opp til ein skikkelig god gammeldags fest!

Bandet består av:
Emil Skaare Sætre: Vokal/Gitar
Øystein Nybø: Trommer/Låtskriver
Magne Saure: Trekkspel/Piano/Kor
Sigurd Kårstad Fylling: El-Gitar
Glenn Charles Huldal: Bass/Kor

 

Til å kickstarte kvelden har vi med oss eit supportband, Hareidsbandet Hibbel.

Hibbel:

Det heile starta då han Erlend dribba inn på puben på Hareid en kveld i 2019 på åpen mic , der han fann ut at at resten av norge va klar for å få høyre disse songane som he ljoma i utallige campingvogne på countryfestivala dei siste åra... gjerne sånn i 7-tida på morgenen...  

På nachspelet utpå den same natta vart Erlend og Tommy enige om at det måtte gå an å gjere reprise, og ette en forespørsel om å spele på et arrangement i heimbygda va det i grunnen berre å starte band. Og då va Hibbel ett faktum.

Låta Sommar & Sol fikk en kjempestart og vert hyppig spelt både på spotify og radio.

Hibbel e eit countryrock band frå Hareid som spela  egne låta,alt på norsk og høg allsang faktor.

So her blir det hela i taket å rett å slett ett voldsomt HIBBEL