DA DET KOM TIL NORGE- TINGENES TILSTAND
Billettar
Om arrangementet
Hugsar du då Big Brother kom til Noreg og vi for første gong såg folk pule på TV og landet sin moral gjekk i vasken? Då AIDS kom til landet og vi kunne lese overskrifta "Får jeg AIDS hos frisøren" i Dagbladet? Då nordmenn fekk høyre jazz for første gong, eller då første person stod fram offentleg som homofil? Visste du at då bananen kom til Noreg i september 1905, så måtte vi ha instruksjonar for korleis vi skulle ete dei?
"Da det kom til Norge" er eit show som tek oss tilbake til milepælane, dei store og små augeblikka, som på kvart sitt pussige vis kom til å endre landet for alltid.
Det meste av det vi omgjev oss med har ein gong vore nytt, så korleis tok nasjonen imot dette nye?
Kristopher Schau og Alexander Sandtorv i den populære podkasten "Tingenes Tilstand" byr i denne framsyninga på eit koldtbord av interessante, morosame, nostalgiske og tankevekkjande augeblikk.
Dette er teknologi, vitskap, populærkultur og historie rørt ihop til ein velsmakande lapskaus.
