Crashville

Om arrangementet

Laurdag 18. Februar blir det storfest i festsalen på Ørsta kulturhus! Då er det berre å sadle opp, hive på seg cowboyhatt og boots, å la seg rive med i allsongen.

Bygdemusikk frå Ørsta på Sunnmøre!

Det heile starta på ein bygdefest på Vatnevatnet i Åmdalen ein varm sommardag, med gitarspel og allsong.

Det gjekk ikkje lange stunda før bandet hadde fått navnet Crashville, og første spelejobben var eit faktum. Bandet blei fort ein suksess med fulle turnèlister og høg allsongfaktor på konsertane. Musikken er fengande bygdefestlåtar om livet på bygda, og virkar å treffe både unge og godt vaksne i bygd og by. Sommaren 2021 slapp bandet singelen «PØBEL», med påfølgande musikkvideo filma på det legendariske Esso-taket i Ørsta, rånarane sitt mekka.

Låta og musikkvideoen fekk massiv oppmerksomheit blant alle som lika bygdemusikk, og rånerane trykte songen til sitt hjerte. Denne låta om PØBELEN blei bandets første store hit, og er ein stor årsak til at Crashville kan turnère heile Norge på kryss og tverrs!  Crashville kom med nytt album, ”Bygdefest” høsten 2022, og fansen lot ikke lovorda vente på seg! «DETTE er festmusikk» er uttrykk som går igjen!Bandet har siste året blitt streamet mange millioner ganger. På konsert med Crashville kan du forvente stor speleglede, bygdefest-stemning og eit lysshow det gnistrar av! 

Det er bare og la seg rive med…

Dette er gutar som elskar livet på bygda, traktorar og slitne gamle volvo 240’ar.


Når Crashville er ute på veien, er det «Pøblar på tur». 

 

Bandet gleder seg til å endelig kunne spele for sambygdingane på heimebane! Dei er i storform om dagen, og lovar skikkelig bygdefest-stemning på kulturhuset denne lørdagen! 

18 års aldersgrense, legitimasjonsplikt.

Vel møtt.