Billettinfo

Billettar får du kjøpt på nettsida vår eller i Kinokiosken. (Opnar 1 time før kino/arrangement og held ope til siste film/arrangement har starta) Du kan også bruke eBillett-appen.
Ynskjer du å reservere billett så kan du ringe til oss på telefonnr. 700 45 500 eller sende ein e-post til post@orstakulturhus.no
Reserverte billettar må hentast innan nokre dagar frå dei er tinga.

Billettkategoriar

Born: gjeld opp til 15 år

Student: gjeld for elevar på vidaregåande skule, folkehøgskule og høgskule. Studentbevis må framvisast på oppfordring.

Følgekort: ta kontakt per epost eller telefon for å reservere plassar dersom du ikkje har høve til å kome innom kiosken. Gyldig følgekort må visast fram for å få henta ut billett.


Ungdom (15-20 år) kan nytte seg av kulturrabatten og kjøpe billett til alle arrangement/kino i kinokiosken til 25% redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke, og for å få rabatten må ein møte opp i kiosken og be om kulturrabatt for ungdom. Legitimasjon må framvisast på oppfordring.