BAdesKen: JA, VI ELSKER DETTE LANDET

Om arrangementet

JA, VI ELSKER DETTE LANDET - eit humorshow du ikkje har sett maken til!

Rare og morosame saker frå landets lokalaviser har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale mediar.
No tek Ken André Ottesen med seg avisutklippa sine og legg ut på ein latterleg turné for å fortelje folk om korleis dei og heimstaden deira eigentlig er.


Vil nordlendingane nokon gong lykkast med å banne vekk snøen? Er vestlendingar verkeleg mindre begava enn trøndarar? Er sørlendingar meir religiøse enn Jesus? Og er det eigentlig nokon andre enn austlendingar som bryr seg om austlendingar?

«Ja, vi elsker dette landet» er nyskrive kvar kveld, tilpassar seg geografisk og tek i særleg grad omsyn til innavl hos publikum.

Men først og fremst beviser BAdesKen at Noreg ikkje berre er verdas beste land. 

Det er også det artigaste!

 

 

«Feelgood i fryktens tid».

Terningkast 5, Oppland Arbeiderblad.

 

«En fantastisk kveld med BAdesKen!».

Stormen konserthus, Bodø.