Anders Jektvik // Konsert
Billettar
Om arrangementet
Anders Jektvik slepp ny musikk i mørketida, og spelar ein turné over heile Noreg der publikum får kome nært han og musikaliteten og tekstane hans.
Anders kjem frå øya Hitra i Trøndelag, og har sidan gjennombrotet i 2012 fått mange fans over heile landet med sin lune viserock der dei treffande tekstane spenner mellom det mørke og det humoristiske.
Jektvik skildrar sjølv stemninga han ynskjer å formidle som "ei blanding mellom forteljingar og ein metaforisk pessimistisk optimisme".
Mellom mykje skrivebordsjobbing og innspeling har han sidan forrige utgiving også halde jamnlege konsertar, alt frå solokonsertar til stort format med Trondheim Symfoniorkester.
Han seier:
"Det er jo medfødt, dette her, så etter hvert tvinger det seg fram en lyst og en
lidenskap. Å jobbe med formidling av tekst og musikk kan være en forbannelse, men når du ser hvor
godt det blir mottatt er det også et stort privilegium. Jeg er veldig takknemlig for støtten
fra fans og lyttere."
Kom og opplev Anders Jektvik i Ørsta, det blir ei god oppleving å varme seg på vidare utover våren!