Adam Douglas // Konsert
Billettar
Om arrangementet
Nytt album denne våren!
Adam Douglas er ein hardtarbeidande mann året rundt, med konsertframføringar som spenner breitt. Frå rockeklubbar, kredible jazzfestivalar, sommerfestivalar og kulturhus, til førjulsturné med full produksjon på dei aller største konserthusa med «An American Holiday». Alltid med dei beste musikarane og gjennomtenkt repertoar i samanhangen.
Tilstadevering, innleving, vanvittig gitararbeid og ein sjeldan musikalitet har gitt han live-fans over heile spekteret. Våren 2025 slepp Adam sitt splitter nye album! Albumet «Companions» er ei plate som reflekterer over Adam sjølv og hans interaksjon med dei han har og dei han har hatt rundt seg. Det er refleksjonar som tek for seg menneskelege kjensler på ein upretensiøs måte, med håp for framtida. Tekstane speglar også Adam sin frustrasjon over verdas mørke nyheitsbilde med polarisert politisk klima og krig, samstundes som dei viser sterk optimisme. Adam leverer deilige feel-good-låtar i sjelfullt landskap. Det er americana, soul, gospel og roots i skjønn forening, og hans utrulege vokal kjennest varmande og oppløftande. Albumet er rett og slett ei musikalsk gåvepakke som Adam gler seg til å dele med konsertpublikummet! På konsert kan ein oppleve alt frå splitter nye låtar til
dei kjende låtane frå hans tidlegare utgjevinga.
Adam Douglas vaks opp i Oklahoma, USA, og har henta mykje inspirasjon derifrå gjennom Howlin´ Wolf og Ray Charles sin flørt med country. Han blandar soul, gospel, jazz og roots i sin musikk. Etter solodebuten i 2013 har Adam gitt ut ei rekkje kritikarroste album, og song seg verkeleg inn i hjarta til det norske folk under Stjernekamp på NRK i 2017. I 2021 mottok Adam sin første Spellemannpris for studioalbumet «Better Angels», og
året etter fekk han tildelt «Bluesprisen» under sin konsert på Notodden Bluesfestival – ei stor ære.
I 2025 dreg Adam på vegen med fleire ulike besetningar. Han startar året med ein lengre duo-turné saman med sin syngande trommis Torjus Nevland. (Foto: Jens Storaker)