Hope-Breivik T/R
| Ordinær pris: | Kr. 375,- |
| Dato | Tidspunkt | Pris v. | Pris b. | Sal | Billett |
|---|---|---|---|---|---|
| Fr 19. Mar | kl. 19:30 | 375 | Teatersal | Kjøp |
Det vert sagt at Christine Hope og Ålesunds eigen Ina Breivik (SMXL og Margot) blei åtvara mot å samarbeide fordi det ville bli for mykje av det gode. Heldigvis tok ikkje damene åtvaringa på alvor. I denne framsyninga møter vi alle dei herlege karakterane til Ina og Christine. Nokon av dei kjenner vi kanskje frå før, andre stiftar vi eit nytt kjennskap til. Dette er framsyninga som blei Ina Breiviks store gjennombrot i Bergen. Saman med Christine Hope har ho laga dette showet, som blei framsyninga alle måtte sjå i byen mellom dei sju fjell.
Christine Hope er kjend frå sitt samarbeid med Herborg Kråkevik i Herborg & Hope og TV-Serien Frittgående Hope på TV2








