En høstkveld før stillheten

En høstkveld før stillheten

Ordinær pris:Kr. 220,-
Pris barn:Kr. 130,-


DatoTidspunktPris v.Pris b.SalBillett
To 25. Markl. 19:30220130TeatersalKjøp

av Henning Mankell

Det er 1981. Ei gruppe mennesker kjem til øya Ona langt ute i havgapet. Dei skal alle sjå på eit gamalt hus som er til sals. Ei ung kvinne, som ikkje kan bli einig med sine søsken om overdraginga formidlar salet og viser rundt på eigedomen.  Interessentane er ellers ei brokete forsamling; ein forretningsmann i klesbransjen med heimeverande kone og psykisk forstyrra kunstnardotter, ein sømnlaus nattklubbeigar med si unge, afrikanske kone og ein tidlegare fotomodell. Alle er dei komne for å sikra seg stillheit, harmoni.  Kort sagt – eit autentisk liv.

Så kjem uveret.  Det er naturligtvis uråd å ta seg vekk frå øya før vinden har stilna. Så desse menneska må tilbringe ei natt i kvarandres selskap, og anten dei vil det eller ikkje så blir dei konfrontert for kvarandre og seg sjølv denne natta.

Kvifor 1981? Ein ting er at det er før vi alle gjekk med mobiltelefon i lomma. For Henning Mankell representerer året eit tidsskille. Eit samfunn er i ferd med å gå under, og eit nytt ser dagens lys. ”Det er no alle byrjar å juge”, seier han ”og alle byrjar å godta det.”  Pengar bli alle tings målestav.

Det skjer mykje i Noreg i 1981. Vi hadde tre regjeringar det året. Nordli måtte gå, og kvinneregjeringa til Gro tok over, for så å bli skylla ut av regjeringskontora av Høyrebølga og regjeringa Willoch.  Foran Stortinget sultestreikar samar i kamp mot Alta-Kautokeino-utbygginga, fredsdemonstrasjonane mønstrer titusenar i gatene, og det store økonomiske frisleppet er like rundt hjørnet.  Reagan har inntatt Det Kvite Hus. Thatcher har vore i Downing Street i to år. Milton Friedmans radikale markedsøkonomi sprer seg over kloda, ja ut til eit fiskevær på romsdalskysten sveiper desse vindane og menneska blir virvla med.

Henning Mankell har skreve stykket for Teatret Vårt, og det får verdspremiere i Molde 5. mars.

Regi: Carl Morten Amundsen, scenografi: Thomas Bjørnager.

Det regner kjøttboller Percy Jackson: Lyntyven Alice In Wonderland Sangen om den Røde Rubin Eventyrdans Dragetreneren Iron Man 2 STRENGT HEMMELIG