Eventyrdans
| Ordinær pris: | Kr. 215,- |
| Pris barn: | Kr. 135,- |
| Dato | Tidspunkt | Pris v. | Pris b. | Sal | Billett |
|---|---|---|---|---|---|
| On 14. Apr | kl. 19:00 | 215 | 135 | Teatersal | Kjøp |
Piken med svovelstikkene og Raudhette i ny og eventyrleg danseframsyning.
I ei verd som har gløymt eventyra, blir vi tatt med på ei reise for å finna tilbake til dei tapte historiane. Med eit lekent og fysisk dansespråk har koreograf Øyvind Jørgensen henta materiale frå myter, sagn og folkeeventyr. Vi møter kjende eventyrskikkelsar i fire vakre verdenar inspirert av jord, ild, luft og vatn, og stiftar kjenskap med nye figurar med sine heilt eigne historiar.
Som morsomme, men også sårbare eventyrskikkelsar er det både skodespelarar og dansarar med på laget, blant anna Katrine Bølstad, kjend frå Dansefeber og Oslo Nye Teaters hip hop-versjon av Nøtteknekkaren. Biniam Yhidego er kjend frå Riksteatret som ein av røvarane i Kardemomme By, og skodespelar Terese Mungai var sist aktuell i den norske barnefilmen ”Bestevenner”. Den portugisiske utøvaren Mariana Ferreira er spesielt henta inn for dette høvet. Koreografen Øyvind Jørgensen har tidligare hausta strålande kritikkar for danseframsyninga Peer Gynt nr. 371, som var på Riksteaterturné i 2006.
Framsyninga varer ca 1t 10 minutter.
Med Terese Mungai, Katrine Bølstad, Mariana Ferreira, Biniam Yhidego, Øyvind Jørgensen.
Koreografi/regi: Øyvind Jørgensen. Regiassistent/prøveleder: Tinken Laurantzon. Konsept/manus: Øyvind Jørgensen og Tinken Laurantzon. Scenografi: Øyvind Jørgensen og Anna Widén. Musikk: Petter Wiik Billedkunstnar/video/foto: Anna Widén. Kostymedesign: Silje Fjellberg Lysdesign: Ruth Marie Bottheim.








