Sangen om den Røde Rubin

Sangen om den Røde Rubin

Ordinær pris:Kr. 315,-
Pris barn:Kr. 135,-


DatoTidspunktPris v.Pris b.SalBillett
On 17. Markl. 19:30315135TeatersalKjøp

Ein av dei mest omstridte romanane blir teater.

Å gi scenisk liv til Agnar Mykles Sangen om den røde Rubin er ingen liten utfordring. I siste halvdel av 50-talet hadde alle eit forhold til ”Rubinen”, og historia om Ask Burlefots søkande reise inn i vaksenlivet blei lest i smug under dyna over heile Noreg. I Riksteatret sin sceneversjon spelar Mattis Herman Nyquist Ask Burlefot, og hans Embla vert spelt av Line Verndal fra NRKs Himmelblå.

- Kvifor skal vi absolutt elske kvar gong vi elskar? skreiv Agnar Mykle i ein kommentar til 50-talets syn på at sex var forbeholdt ekteskapet. I boka tok unge Ask Burlefot for seg av livets gleder. Romanen vart sterkt kritisert og gjenstand for ein omfattande og opprivande rettssak. Boka vart forbudt, og rettssaken mot Agnar Mykle står som eit symbol på 50-talets puritanske samfunn.

Kva er det med denne Ask som vi ikkje likar, men som vi djupast sett kjenner oss igjen i? Ein ung mann på sporet av seg sjølv, som ikkje kan noko anna enn å leite etter seg sjølv, som ikkje kan noko anna enn å leite etter kjærleiken, den raude rubin.

Regissør Morten Borgersen har tidlegare laga teater av Lasso rundt fru Luna, Mykle si første bok om Ask. Med musikk av Anne Grete Preus og Kjetil Bjerkestrand og koreografi av Ingun Bjørnsgaard kan dette bli ein av vårens store teaterhendingar.

Framsyninga varer ca 2t 20 min. Inkludert pause.

Med: Mattis Herman Nyquist, Bjørn Skagestad, Line Verndal, Yngve Bjørn Berven, Mari Baade, Julia Schacht og Ida Cecilie Klem.

Regi og dramtisering: Morten Borgersen. Koreografi: Ingun Bjørnsgaard. Scenografi: Olav Myrtvedt. Musikk: Anne Grete Preus og Kjetil Bjerkestrand. Kostymedesign: Ingrid Nylander. Lysdesign: Chrisander Brun. Lyddesign: Lars Årdal. Maskedesign: Helge Bjørnå. Dramaturg: Tine Thomassen.

Eventyrdans Did you hear about the Morgans? En høstkveld før stillheten Alice In Wonderland Dragetreneren Hvem er redd for Virginia Woolf? Sangen om den Røde Rubin SmakeBEAT - hits gjennom 80 år